Kva skjer når ein UX-designer tek plass i plattformteamet og blir med å forme infrastrukturen?
I ein organisasjon der kvart team eig sin eigen infrastruktur har vi gitt fridom for produktutvikling i AWS.. Gjennom brukartesting, observasjon og klarspråk byggjer vi plattform som passar utviklarane og produkta – ikkje motsett.
Vi jobbar for å senke den kognitive lasten, så utviklarane kan fokusere tida si på produkt. Terraform-modulane våre skal ikkje berre vere riktige – dei skal vere forståelege. Dokumentasjonen skal ikkje berre forklare, men vise veg.
Korleis kombinere kode og kommunikasjon, sikkerheit og smidighet, fridom og ansvar. Om å ta brukaroppleving på alvor – når brukaren er utviklar og verktøyet er Terraform.